Siste herreguden min evvaah

HERREGUD. SERIØST! Eg vert heilt frustrert av å lese blogginnlegga mine. Dersom eg ikkje kjente meg sjølv hadde eg trudd eg var ein fjott. FJOTT, I tell you! Eg er sjølvsagt ikkje det. Seriøst, liksom. Neida,  men eg skal slutte og skrive seriøst og herregud. Er drittlei desse orda, og pappa har dessutan byrja å mobbe meg for mitt lite varierte ordforråd. Så nok er nok.

JA, og så kan eg opplyse om at kjærleikssorgen min varte i omlag eit døgn. Stakk skikkeleg djupt med andre ord. Må nesten berre seie i frå sidan VISSE folk trur eg er fullstendig gal allereie.

………………………………..

Kom over dokunst ute på laurdag. Fantastisk!

No har eg forresten teke til vetet og vorte kriminell. Eller, kriminell og kriminell, fru blom. Veit ikkje om det er ulovleg å selgje billettar på svartebørsen eg? Iallefall då, måtte nesten selgje Bjørn Hellfuck-billetten min sidan INGEN andre ville gå på konserten. Skjønar ikkje kvifor…. Uansett, kunne solgt billetten for dobbel pris, men gjer eg det? neeeida! Farken ta foreldra mine som lærte meg å ha ein nokonlunde moral når det kjem til slike ting. Istaden for Hellfuck, skal eg på Kakkmaddafakka på Hulen på torsdag. Det vert hivens!

Vil forresten leggje ut vennane mine i Bergen for sal på svartebørsen òg. Mest asosiale skapningane eg har vore borti!

Kommenter innlegget

It’s damned if you don’t and it’s damned if you do

Kommenter innlegget

Eit surt rævhol vol. 3

SERIØST! Verdas verste kveld ute på byen i går! Eller…. det var ein bra kveld da. INNTIL……. trommevirvel…………… eg såg verdas finaste mann kline med  ei skjøge!!!!!!!!!!!!!! Eg var i sjokk, og kan skrive under på at i dei sekunda eg såg det, gjekk tida kjempesakte… nesten litt slowmotion liksom. Så no sit eg og er heartbroken og pottesur. HERREGUD, eg vil døy!!!!1

Jaja. Legg berre ved  nokre bilete frå kvelden før den grufulle vendinga i livet mitt:

KUNST…

All I wanna do is BANG BANG BANG BANG!
And KKKAAAA CHING!
And take your money

Prøvde meg til og med på sexblikket til verdas finaste mann. UTAN HELL.

Så no går eg og tek livet av meg sjølv.

Kommenter innlegget

I have read the right books to interpret your looks

Kom over ei plate i dag av Joanna Newsom, The milk eyed mender, som eg var fullstendig gal etter på vidaregåande. Eg hadde ei periode som syttenåring der eg farga håret raudt, for på SU-møter og synst alle andre var idiotar. Sjølv om det eigentleg var eg som kanskje var den største idioten, hadde eg iallefall god musikksmak, om ikkje anna.

Kommenter innlegget

Tida gjekk altfor raskt i dag………..

Eg og Martine bestemde oss for å fare på akvariet i dag, sidan eit heilt døgn med Facebook på èi helg er litt over the top, til og med for oss. Det som bekymrar meg no er at det allereie er seint, sjølv om mi biologiske klokke tilseier at lillevisaren skulle ligge på sjutalet, sånn ca. Konklusjonen min er difor at alt går saktare når ein kjedar seg, og at eg eigentleg likar ganske godt å kjede meg! Så difor skal eg ikkje gjere noko heile denne veka. Kan ikkje kaste vekk fleire søndagar på å gjer aktivitetar som gjer at tida går raskare, heller. Gud forby.

Ein dansande sel (sic!)

Utstoppa dyr er retten og sletten skummelt!

Alligatorane var meir tiltrekte av Martine enn meg. Sooo sad.

Apene likte meg da. Seriøst, kunne ynskje eg vaks opp blant aper!!!

Martine fann ein rumpemunnfisk å lage rumpemunn til.

LOL-fisk

Som dei gnetne sunnmøringane me er, hadde me sjølvsagt med nistepakke…..

……og eigne 3d-briller så me skulle sleppe og kjøpe nye.

Kommenter innlegget

Eg har ikkje noko liv pt.1

Har eit nokså ambivalent forhald til gårsdagens utskeielsar, då katastrofale avsløringar gjorde at kvelden ikkje vart like fin for alle. Men eg hadde det altså kjempefint, og det er jo det viktigaste! Fant forresten ut at kristengutane IKKJE er kristne likevel……. Utruleg skuffande. Neida (jauda). Sidan eg hadde det så kjekt i går, gløymte eg å ta bilete. Martine tok eit bilete av meg medan eg drakk raudvin og såg Nytt på nytt da. Newsflash!! Eg hadde ikkje sminke på meg! Skandale! Men eg har jo allereie mista all sjølvrespekt med denne bloggen, så å poste biletet gjer vel ingenting frå eller til (elles er det berre dei heite karane på Kiwien som får sjå meg slik…..). Eg ser seriøst ut som ein sveitt baby!

Elles har eg ingenting interessant å meddele (sjokk). Eg og Martine har facebook-maraton, og eg er så heldig og ha funne ut at det går an å logge seg av chatten, så folk ikkje ser kor aktiv eg er der. Fantastisk! I morgon skal me gjere noko turistgreier. På tide eigentleg, sidan me så vidt veit kor Fløien ligg. Danmarksplass rox!

Kommenter innlegget

Raudvin og Nytt på nytt

Eg har no gått inn i ei pakt med meg sjølv om å aldri gå glipp av gullrekka på nrk1 att. Det er så fantastisk bra! Får nesten (positive) spasmer kvar gong Knut Nærum seier ein vits. Hjerne er så sexy! Iallefall da, eg og Martine sit med kvart vårt glas vin klistra forran fjernsynsskjermen. Eg skulle eigentleg ha ein heilt roleg kveld, men sidan Preben skal ut, må eg nesten vere med for å vere livvakta hans. Kan ikkje oppleve same episode som forrige helg, heller!

Mamma og pappa minner meg stadig på at eg ikkje skal skrive så mykje om alkoholkonsumet mitt på bloggen, sidan ymse folk frå heimbygda mi raskt kan tru at eg lid av ei avhengigheit. Difor: Eg var ikkje på 90-talsfest på onsdag når det var kickoff-veke på skulen og eg drakk ikkje:

Herregud! Fekk lyst å hoppe på Magnus! HOT.

Eg vart dissa fordi eg ikkje såg 90-tals ut. Herregud, kva bra kom ut av 90-talet om ikkje grunge??!

Magnus vant sjølvsagt pris for beste kostyme. Flott posering, ingen tvil!

Og så spelte Pelle Parafins bøljeband. Fantastisk!

Kommenter innlegget

Dr. Maia Vik…….

Herregud, ser nesten ut til at denne bloggen har vorte ein helge-blogg! Kanskje ikkje så rart sidan eg ikkje har noko liv mandag til fredag uansett. I dag var eg på jobb då, måtte stå opp klokka SEKS om morgonen! Det skulle faktisk ikkje vore lov. Men slik går det når ein finn seg jobb ein time med buss utanfor byen.

Eg føler meg verken særleg lystig eller morosam i dag, så eg berre pøsar på med bilete heller. Funkar som regel feitt!

På fredag var eg i åremålsfest hjå Sondre. Han vart heile 22 år gamal! Seriøst, me byrjer å verte gamle.. Eg har til og med fått ei rynke! Det er bekymringsrynka mi, og den synast uansett kva eg gjer. Så no har eg byrja med ansiktsgymnastikk for å hindre rynkespreiing! Vert i fantastisk humør av å stå og kike på meg sjølv i spegelen medan eg gjer det. Skal ta bilete av det ein dag så de får sjå. Uansett då, tilbake til festen hjå Sondre. Var sjølvsagt kjekkast der, og ikkje på SJOKO (jus-utestad) som alle bestemde seg for å gå på etterpå.

Så, etter å ha stått og sett ut som ein sur gnom i eit hjørne fordi eg ikkje ville danse til jus-musikken saman med jus-folka, bestemde eg meg for å gå på Vamoose. Endar jo alltid der! Trur Vamoose har teke over for Familien, som var stamstaden min i Trondheim. Der møtte eg Marianne, og me for på kristen-nachspel på noko som likna eit internat. Seriøst, fantastisk gøy! Kristne skal iallefall ikkje ha på seg at dei ikkje kan feste. Og så sovna me der da, og måtte ta walkofshame heimover klokka ti på morgonen. Alltid like kjekt.

Så for eg heim og sov til klokka fire, dusja, åt middag, pynta meg og for i åremålsselskap til Ina. For eit hektisk liv, altså!

Gebursdagsbarnet!

Der røykte me vannpipe og følte oss superalternative………

SÅ!!!! skjedde det fatale! Eg for på Vamoose og møtte Olav og etter det stengte ringte me Preben for å møte han. Han derimot, var oppe på Høyden og trengte hjelp fordi han var SLÅTT NED! av en gjeng med BANDITTAR! seriøst villt! Heldigvis var det berre kuttskader, men me måtte sjølvsagt på legevakta med han. Der venta me i TO timar på hjelp og sidan eg er ei kvinne av lågt tolmod måtte eg sjølvsagt ta bilete av meg sjølv på toalettet:

Ser fullstendig utslitt ut, og var det òg. Det tok verkeleg på å leike “assistent-lege” på legevakta altså. Trur det er det mest spennande som har skjedd i mitt liv. Dessutan haldt eg intervju med ymse folk som kom inn og ut av legevakta (og kan med sikkerheit opplyse om at vekterane i Bergen er kjempekeisame å føre samtaler med). Jaja. Så fekk Preben hjelp, og eg måtte sove på sofaen hans for å passe på at alt gjekk bra med han grunna hjerneskakinga. Om morgonen var han fortsatt ør, og me måtte igjen ned på legevakta. Då var det derimot ikkje gøy! Trur kanskje det hadde noko å gjer med at alle var edru då…

“Man måste vara en idiot för att kalla sig klok,
man måste vara liten för att vara stor”.

Seriøst, svenskar gjer alt betre enn nordmenn!

Kommenter innlegget

Jag hatar att jag älskar dig och jag älskar dig så mycket att jag hatar mig

Har spelt denne kanskje… 30 gongar i dag.. og trur nesten eg har pådratt meg kjærleikssorg sjølv om eg ikkje har nokon å sørge over. Seriøst, gi meg noko å sørge over da! Eg treng å føle på noko, eg held ikkje ut denne tomheita!

kommentarar (3)

Jenny Skavlan har ikkje skjønt det. Dersom folk er depprimerte, burde ein ikkje presse dei til å gå ut, men heller binde dei fast og tvinge dei til å høyre denne på repeat:

Trur seriøst det hadde funka feitt!

Kommenter innlegget

Eldre innlegg »